Det har vore fleire ulykker i Lepsøykrysset. Statens vegvesen ønskjer å regulere nok areal for å fullkanalisere krysset og førebu det på ei eventuell framtidig lysregulering. I samband med tiltaket ønskjer vi også å regulere fortau på strekninga mot Solbakken, samt gjere ei heilheitsvurding av kryssområdet med tanke på busslommar og avkøyrslar.