12.12.2022 — Detaljregulering E39 Liadal på høyring og offentleg ettersyn. Frist for merknader og innspel er 10. februar 2023.

09.11.2023  — Reguleringsplanen vart vedteken i Ørsta kommunestyre, sak 101/23, den 02.11.23. Eventuelle klager stilast til Statsforvalteren i Møre og Romsdal og sendast til Ørsta kommune, innan 8. desember 2023. 

Planområdet på E39 Liadal strekkjer seg frå kryss ved Håvollbakken i nord til like sør for Halsekrysset. Det er teke med tilstrekkjeleg sideareal for å sikre ei trygg trafikkavvikling i anleggstida, samt vurdert moglegheitene for å samle eller betre tilrettelegginga for tilkomstar der dette er nødvendig.Det er lagt til rette for etablering av gang- og sykkelveg på strekninga.

Mål med planarbeidet er å skaffe formelt plangrunnlag til å utbetre E39 på strekninga. Store delar av vegstrekninga på Liadal ligg i sidebratt terreng og vegen er svært smal. Kurvatur og rekkverk på vestsida av vegen medverkar til dårlege siktforhold. Dei langsgåande murane på austsida av vegen er i dårleg forfatning og det må gjerast tiltak for å sikre desse. Det er heller ikkje løysing for mjuke trafikantar på strekninga, og det opplevast farleg for gåande og syklande å ferdast langs vegen.

Vei:
E39
Fase:
Planfase
Kommuner:
Ørsta
Fylker:
Møre og Romsdal

E39 Liadal © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Kontakter

Matias Kårstad

Planleggar Ørsta kommune
Telefon:
700 49 700
E-post:

Anni Kari Pedersen

Prosjektleder
Telefon:
905 24 355
E-post:

Sist oppdatert: