Frå tysdag 29. mai og i to til tre veker framover skal Statens vegvesen gjennomføre supplerande grunnundersøkingar øst for E39 i Liadal.

Bakgrunnen for undersøkingane er planlegging for utbetring av E39 på strekninga Liadal. Grunneigarane er varsla om arbeidet.

Det blir trafikkdirigering onsdag 30. mai og torsdag 31. mai. Trafikantane må rekne med litt ventetid.