Statens vegvesen har utarbeida eit forprosjekt for strekninga Myrmel–Lunde i Gaular kommune. Føremålet med forprosjektet var å samanlikne eit tunnelalternativ med utbetring av eksisterande veg.

Ut frå resultata i forprosjektet meiner Statens vegvesen at valet står mellom eit tunnelalternativ med eitt kryss sør for tunnelen og utbetring av eksisterande veg.