Formålet med planen er å utbetre E39 ved Myrmel og Lunde i samsvar med føringar i Nasjonal Transportplan, og sikre grunn og rettar til gjennomføring av veganlegget og permanent drift. Planen omfattar ny tunnel på ca. 1 km, nytt kryss mot Myrmel og utbetring av ca. 2,7 km veg i dagen sør og nord for tunnel.

Planen er tilgjengeleg her og i papirutgåve på kommunehuset på Sande.

Planframlegget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 16. oktober–30. november 2015.

Merknadsfrist

Eventuelle merknader til reguleringsplanen må sendast skriftleg innan 30. november 2015 til: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller e-post firmapost-vest@vegvesen.no

Ope møte

Det vert arrangert ope møte på 4. november 2015 kl. 18-20 på bedehuset i Lundegrenda.

Spørsmål

Eventuelle spørsmål kan rettast til Otto Eikeset på telefon 91143676 eller e-post otto.eikeset@vegvesen.no.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen er utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.