-  Dette er gode nyheiter. I praksis har vi no godkjent reguleringsplanar for heile Rogfast, seier Tor Geir Espedal, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Han er glad for vedtaka i kommunestyret på Bokn, og at prosjektet har tatt eit stort skritt framover.

-  Fylkesmannen si motsegn mot massedeponiet i Arsvågen står framleis att, men vi har god grunn til å tru at denne blir trekt. Vi såg at motsegna mot massedeponiet på Kvitsøy vart trekt, og det er mindre konflikt knytt til deponiet i Arsvågen enn det var på Kvitsøy, seier Espedal.

Han håpar på ei snarleg avklaring frå Fylkesmannen.

-  Så snart det er på plass, blir prosjektet klart for ekstern kvalitetssikring (KS2). Det er det Finansdepartementet som styrer, men vi håpar at kvalitetssikringa kan gjennomførast i løpet av våren 2016. Når kvalitetssikringa er ferdig står berre godkjenning i Stortinget att før Rogfast kan byggast, avsluttar Tor Geir Espedal.