Ti entreprenørar som tilbod, og Hæhre Entreprenør A/S hadde det lågaste tilbodet på 62 millionar kroner.   

– Vi var nøgde med at så mange var interesserte i å byggje sidetunnelen. Tilboda var også innanfor kostnadsramma vi har på denne kontrakten. Hæhre leverte det lågaste tilbodet, og samtidig har dei overtydd oss om at dei kan levere rett kvalitet til rett tid. No ser vi fram til at vi også kjem i gang frå sørsida av Rogfast, seier prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal.

Det er den andre Rogfast-kontrakten som er tildelt. Frå nordsida i Arsvågen har entreprenør NCC starta med å sprenge ut to sidetunnelar.   

Hæhre Entreprenør A/S gler seg til å kome i gang. ­­

– Vi håper å starte opp om kort tid, seier Øystein Birkeland. Han er prosjektsjef for tunnel i Hæhre, og gler seg spesielt over at Hæhre fekk ein kontrakt på Vestlandet.

– Som bergensar er eg spesielt glad for at vi no også er representerte på Vestlandet, seier han og smiler. 

Statens vegvesen vil om kort tid lyse ut den fyrste av dei tre store Rogfast-kontraktane.

Kvitsøy-kontrakten er estimert til 3,4 milliardar kroner.