Spenninga er stor når mannskapet frå Island Offshore og Baker Hughes opnar røyra som inneheld kjerneprøvane frå rundt 260 meters djupne i Boknafjorden.

Innhaldet i røyra blir forsiktig pirka ut og plassert i trekassar. Prosjektleiar for Rogfast Tor Geir Espedal og ingeniørgeolog Martin Hefre Johnsen i Statens vegvesen følgjer spent med.

Spenning

– Dyre steinar, smiler Martin Hefre Johnsen medan han ser på kjerneprøvane som er henta opp frå området mellom Kvitsøy og Bokn.
Prøvane frå det første holet inneheld mykje glimmerskifer.

– Vi er spente på kva resten av prøvane viser. Når jobben er gjort startar analysane på laboratoriet. Etter kvart skal ei ekspertgruppe vurdere kjerneprøvane, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Nye metodar

I alt borer dei fire hol, det lengste rundt 400 meter, til saman rundt tusen meter. Djupet det borast i er frå 190 meter til rundt 290 meter under havoverflata.

Kontrakten med VTT Maritime er verdt 65 millionar kroner. Underleverandørane Island Offshore og Baker Hughes står for kjerneboringa frå fartøyet «Island Performer».

I to og ei halv veke har dei tilsette på «Island Performer» jobba i Boknafjorden.

– Vi kan ikkje nytte vanlege metodar for å sjekke grunntilhøva når fjorden er så djup og lang som Boknafjorden. Vi når ikkje dei svake sonene med tradisjonelle metodar. Difor bruker vi VTT Maritime, forklarer Espedal.

– I eit prosjekt til 13,8 milliardar kroner må vi ha kontroll på kva vi møter i djupet. VTT Maritime AS hentar opp kjernar frå det djupaste punktet i den planlagde tunneltraseen mellom Kvitsøy og Bokn. Vi treng å verifisere kva for bergartar tunnelen skal gjennom og kva dei svake sonene inneheld. Det er fornuftig å bruke pengar for å få meir kunnskap i den fasen vi er i no, seier prosjektleiaren for Rogfast.

Slik skjer boringa

Den retningsstyrte kjerneboringa frå «Island Performer» føregår ved at ein nyttar ein såkalla subsea-injektor som mater kveilerøyr med borekrone ned i fjellformasjonane. Per Buset er prosjektansvarleg i Island Offshore. Han forklarer korleis operasjonen skjer:

– Normalt når ein borer med kveilerøyr på havbotnen har vi eit stigerøyr mellom botnen og riggen som borer. Injektoren som matar kveilerøyret er normalt på riggen. På Rogfast-jobben brukar vi ein subsea-injektor til å mata kveilerøyr ned i formasjonen på botn. Denne er utvikla til Rogfastjobben. Injektoren står på ein 60 tonn tung og 15 meter høg ramme på havbotn under operasjonen, forklarar Buvik.

Den store fordelen med kveilerøyr er at det går an å bore i mykje brattare vinklar enn med tradisjonell rotasjonsboring.
Med ein gang kjerneprøvane er plasserte i trekassane, startar dei tilsette i Island Offshore og Baker Hughes med førebuingane til ei ny boring. Det er dyrt å ha eit borefartøy i drift – ein har ingen tid å mista i kartlegginga av Boknafjorden.