Forslaget inneheld også tunnel frå grensa til Kvitsøy, samt ventilasjonstårn på Kråga. Planarbeidet er i tråd med planprogrammet som Bokn kommune vedtok 24. juni 2014.

Bakgrunnen for planarbeidet er at tunnelen opp mot Bokn skal byggast med slakare stigning enn det som er sagt tidlegare. Hovudmålet med planen er å byggje ferjefritt samband over Boknafjorden.

Sjå plandokumenta her. Dokumenta er på høyring og offentleg ettersyn i perioden frå 22. januar til 6. mars 2015.

Reguleringsplan for E39 Laupland-Knarholmen er ein del av Rogfast. Rogfast består av ein 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Harestad i Randaberg og Laupland i Bokn, samt ein tunnel til Kvitsøy. I tillegg kjem ventilasjonstårn, utfyllingsområde og kryss og vegar i Randberg, Kvitsøy og Bokn.

Tunnelen erstattar ferjesambanda Mortavika–Arsvågen og Mekjarvik–Kvitsøy. Reisetida blir redusert med 40 minutt. E39 Rogfast blir verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel.

Informasjonsmøte

Det blir arrangert eit ope orienteringsmøte 9. februar klokka 18:00 på Boknatun (kinoen), og open kontordag 16. februar kl. 1400 – 1900 på Boknatun (kommunehuset).

Innspel

Vi ber om eventuelle merknadar innan 6. mars. Send det skriftleg til Bokn kommune: Boknatun, 5561 Bokn eller post@bokn.kommune.no

Kontakt

Har du spørsmål om planarbeidet, kan du kontakte Bjørn Åmdal tlf. 950 33 506, eller på e-post bjorn.amdal@vegvesen.no,