Kontraktsverdien er 3-3,5 milliardar kroner, og er den største kontrakten på Norges største veg- og tunnelprosjekt.

– Vi forventar stor interesse for kontrakten, både frå norske og utanlandske entreprenørar. I fyrste omgang er det prekvalifiseringa, der entreprenørane må søkje om å få delta i sjølve tilbodskonkurransen. Fristen for innlevering av søknad er 21. november, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Det skal sprengjast 20,6 kilometer tunnel, byggjast 4,5 kilometer veg og fem nye bruer på Kvitsøy. I tillegg skal det sprengjast to ventilasjonssjakter som begge er 10 meter i diameter og som skal 250 meter ned til begge løpa under Kvitsøy.

– Teknisk er dette den av tre kontraktar med størst utfordringar, også med logistikken. Det skal produserast store mengder betong, som eit døme skal det monterast 340.000 kvadratmeter med vegg- og takelement, seier Espedal.

Det blir arrangert synfaring for interesserte entreprenørar på Kvitsøy 16. oktober.