Rogfast kan finansierast over 20 år. Finansieringsplanen er no endeleg godkjent lokalt.

– Dette er nok ein merkedag for Rogfast- prosjektet. Me har klar dokumenta til den såkalla KS2-behandlinga (ekstern kvalitetssikring). I praksis betyr det at ein ekstern aktør går gjennom kostnadar med meir. Alle prosjekt til over 750 millionar kroner må gjennom ein slik sjekk, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Geir Espedal.

330 kroner for bilar


Prislappen på Rogfast er berekna til 14,2-15,2 milliardar 2015-kroner. Staten bidreg med 2,830 milliardar, resten må finansierast av bompengar. Det er rekna med ei rente på 5,5 prosent.

Viss prislappen blir 15,2 milliardar kroner kjem det til å koste rundt 330 kroner å køyre gjennom Rogfast for personbilar og 990 kroner for tunge køyretøy.

Reguleringsplanen for tunneltraseen i Randaberg kommune er godkjent. Det same er reguleringsplanen for tunnelen til Kvitsøy. Fem reguleringsplanar som gjeld Rogfast er ennå ikkje vedtekne:

  • Harestadkrysset, blir truleg sluttbehandla etter sommarferien. Krysset er koplinga mellom Rogfast og E39.
  • Reguleringsplan for Laupland-Knarholmen i Bokn blir sluttbehandla tidleg hausten 2015.
  • Reguleringsplanen for massedeponi i Mekjarvik sør blir sluttbehandla før sommaren.
  • I tillegg kjem reguleringsplanar for massedeponi på Bokn og Kvitsøy. Desse blir sluttbehandla hausten 2015.

Reguleringsplanane må vere vedtekne før KS2-behandlinga blir ferdig.Viss kvalitetssikringa går som planlagt, kan Rogfast behandlast i Stortinget våren 2016. Då blir det truleg byggestart mot slutten av 2016, og opning av Rogfast i 2024-2025.