- Vi har allereie hatt oppstartsmøte med Cowi. Det er eit anerkjent og stort konsulentfirma som tek oppdrag i heile verda, seier prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal.

Det kom inn tre tilbod i tilbodskonkurransen for reguleringsplanlegging av Rogfast, der Cowi altså trakk det lengste strået.

- I hovudsak skal Cowi lage reguleringsplan for vegane i dagsonene, det vil seie vegane utanfor tunnelen på Randaberg, Kvitsøy og Bokn. I tillegg skal dei lage tekniske planar for Rogfast, for at vi skal kunne lage kostnadsoverslag for prosjektet. Ein oppdatert og meir detaljert risiko- og sårbarhetsanalyse inngår også i avtalen, seier Tor Geir Espedal.

Reguleringsplanen skal etter planen vere ferdig om eit år. I tillegg kjem noko arbeid i samband med høyring og offentleg behandling av planen.