Det er IRIS som har gjennomført reisevaneundersøkinga av trafikken over Boknafjorden.

Til saman har 12.110 reisande svart på spørsmål. Brorparten av respondentane er reisande på sambandet Mortavika-Arsvågen.

Føremålet med undersøkinga er mellom anna å finne ut kvar de reisande kjem frå og kvar dei skal. Kor ofte dei reiser, talet på personer per køyretøy og føremålet med reisa er andre spørsmål.

– Reisevaneundersøkinga er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med trafikkprognosen for Rogfast. Prognosen er avgjerande for finansieringa av prosjektet, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Her kan du lese rapporten