Analysen er sendt på høyring til kommunane Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg, Kvitsøy, Tysvær, Haugesund, Karmøy, Bokn og Finnøy. Planen er at fylkestinget behandlar finansieringsanalysen på møtet 9. og 10. juni.

– Dette er nok ein merkedag for Rogfast- prosjektet. Vi ser at det lar seg gjere å bompengefinansiere Rogfast med ei nedbetalingstid på 20 år, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Geir Espedal.

14,2 milliardar


Prislappen på Rogfast er berekna til 14,2 milliardar 2015-kroner, men dette treng ikkje vere det endelege talet fordi planfasen ikkje er heilt ferdig.

Staten bidreg med 2,830 milliardar, resten må finansierast av bompengar. Det er rekna med ei rente på 5,5 prosent. Rogaland fylkeskommune blir beden om å stille garanti for lånet i bompengeselskapet på 16 milliardar kroner.

Prisen på å kjøre gjennom Rogfast blir rundt 300 kroner for bilar og 900 kroner for tunge køyretøy.

Til Stortinget i 2016


- Når vedtaket er gjort i fylkestinget i juni blir Rogfast-dokumenta sendt til ekstern kvalitetssikring (KS2). Alle prosjekt til over 750 millionar kroner må gjennom ein slik sjekk, fortel prosjektleiar Espedal.

Viss kvalitetssikringa går som planlagt, kan Rogfast bli behandla i Stortinget våren 2016. Då kan det bli byggestart mot slutten av 2016, og opning av Rogfast i 2024.

Rogfast-fakta


• E39 Rogfast består av ein cirka 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Harestad i Randaberg og Laupland i Bokn.
• I tillegg kjem ein rundt fire kilometer lang tunnelarm til Kvitsøy, samt kryss og veg i dagen i dei tre kommunane.
• Rogfast blir verdas lengste og djupaste (390 meter under havoverflata) vegtunnel.
• Prisen på Rogfast er rekna til 14,2 milliardar kroner.