­ ­- På grunn av tryggleiken blir Rogfast ein tunnel med svært høg standard, og det kostar. Men framleis er prosjektet veldig økonomisk robust, forsikrar prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel blir ein 25,5 kilometer lang tunnel. Den skal gå frå Harestad i Randaberg til Arsvågen i Bokn.

Krabbefelt og fjellhallar

Tunnelen er planlagt med to løp, med mange nødutgangar til det andre løpet i høve brann- og røykutvikling. Det blir nødutgang kvar 125. meter der det er 5 prosent stigning eller meir. Køyrefelta er breiare enn trafikken tilseier, og det blir krabbefelt i stigninga opp mot Arsvågen. Fire lyssette fjellhaller blir bygd for å bryte monotonien i ein så lang tunnel.

­- I det heile er tryggleiken veldig godt teken hand om i tunnelen, noko som er spesielt viktig i ein så lang og djup tunnel, understreker prosjektleiar Espedal.

Høgare trafikk

Det første grove prisoverslaget i 2009 var 6 milliardar kroner. Staten sin del var berekna til 500 millionar kroner. I forslaget til Nasjonal transportplan 2014-2023 er prisen rekna til 8 milliardar kroner. 1 milliard er staten sitt bidrag.

- Årsakene til at prisen blir 10,2 milliardar kroner er mange. Usikker geologi, tre år med prisvekst, betre standard på grunn av høgare krav til tryggleik, lenger tunnel til Kvitsøy, auke i marknadspriser er nokre årsaker, seier Espedal.

Men trafikktala er også høgare enn tidlegare rekna med. Berekningar viser mellom 5000 og 6500 køyretøy i døgnet. Det er høgare enn rekna med for to-tre år sidan

Køyr tunnelen i dag!

Allereie no, 10-11 år før prosjektet er ferdig, kan du prøvekøyre tunnelen, oppleve ein fjellhall og sjå den høge tryggleiken. Sjå den oppdaterte animasjonsfilmen her: http://youtu.be/w5NeRWWTWVg

 Vidare framdrift

  • Våren 2013, godkjent reguleringsplan.
  • Handsaming i Stortinget i 2014.
  • Mogleg byggestart i 2015.Rogfast opnar i 2022-23.

Nokre Rogfast-fakta

  • Tunnelen skal gå frå Harestad i Randaberg kommune til Arsvågen i Bokn kommune.
  • Rogfast-tunnelen blir 25,5 kilometer lang, verdas klart lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Det lågaste punktet er 390 meter under havflata.
  • Tunnelen blir bygd med to løp og til saman 4 felt.
  • I tillegg vert det bygd ein tunnel med eit løp på om lag fire kilometer opp til Kvitsøy.
  • Maksimal stigning er 7 prosent over ein strekning på rundt 3 kilometer, opp til Arsvågen. Resten av tunnelen har 5 prosent eller lågare stigning.
  • Kryssinga av Boknafjorden skjer i dag med ferjer. Når Rogfast er ferdig, erstattar anlegget eit av Norges mest trafikkerte ferjesamband, Mortavika-Arsvågen. I tillegg vert sambandet Mekjarvik - Kvitsøy - Skudeneshavn lagt ned.
  • For reisande blir køyretida mellom Stavanger og Haugalandet/Bergen 40 minutt kortare når Rogfast opnar.