– No i juli startar vi med boring på Sauholmen, heilt nord på Kvitsøy. Vi skal også undersøkje grunnen på Krågøy, vest på Kvitsøy, seier Ragnhild Øvrevik, ingeniørgeolog i Statens vegvesen.

I tillegg til arbeidet på Kvitsøy skal vi også bore på holmen Alstein, som ligg ca. 3 km vest for Tungenes.

– Her skal vi bore 300 meter rett ned, heilt ned til der tunnelen skal gå, fortel Øvrevik.

Seismiske undersøkingar, som blir gjennomført frå båt, skal gjerast i heile den planlagte traséen for Rogfast i Boknafjorden. I tillegg skal seismikk utførast på land på Krågøy. Dette arbeidet startar i august.
– Seismikk er ein form for avansert ekkolodd, som skal fortelje oss meir om fjellkvaliteten i området, fortel Øvrevik.

 – Vi utfører desse undersøkingane for å vera best mogeleg førebudde til å bygge tunnelen. Den vidare planlegginga blir lettare når vi får meir oversikt over fjellkvaliteten. Ikkje minst vil det gi oss betre oversikt over kva kostnadene for tunnelen kjem til å bli, seier Ragnhild Øvrevik.

 Nokre undersøkingar skal etter planen vera ferdig i haust, medan noko arbeid skal halde fram til vinteren.

 Entreprenøren som skal gjera kjerneboringa er Entreprenørservice AS. GeoPhysix AS skal utføre dei seismiske undersøkingane.