Det blei ein stor dag for kommunane i sør og nord Rogaland torsdag, eller som fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal sa under talen sin. - Vi har ringt, gått på møte, skreve brev og vi har vore på Stortinget. Likevel er det uverkeleg at vi no endeleg er i gong. For ein start på 2018.

Vegvesenets månelanding

Det er store dimensjonar på det første store prosjektet for fergefri E39 Kristiansand – Trondheim. Rogfast blir 26,7 kilometer lang med to løp, ned til 392 meter på det djupaste, 4 kilometer lang tunnel opp til Kvitsøy og to ventilasjonssjakter på 10 meter i diameter som skal 250 meter ned frå Kvitsøy. For å gi noken andre tal.

Det skal bygges 44 tekniske bygg, 480 nødstasjonskioskar og det skal monteras 7000 lysarmaturar, 3000 ledelys og trekkas 300.000 meter kablar for belysning.

Alt på Rogfast er stort, og fleire har teke til orde for at Rogfast er vegvesenets månelanding. Bokn-ordførar Tormod Våga var ein av mange Rogalands-ordførare som deltok under markeringa då den aller fyrste salva blei fyrt av torsdag og han siterte Neil Armstrongs då astronauten i 1969 sette sine bein på månen.

Thats one small step for a man

One giant leap for mankind

Store kontrakter kommer

Tor Geir Espedal er prosjektleiar for Rogfast, og var en særdeles glad mann då den fyrste salva gjekk av. - Dette har vi venta lenge på. No er vi i gang, sa han og smilte. 

NCC er entreprenør på den fyrste kontrakten, men 184 millionar er ein av dei minste kontraktane som skal tildeles. Den neste utlysinga skjer seinare denne månaden, og den har ein annan storleik.

- Kvitsøy-kontrakten (E02) har ein vurdert kontraktsverdi på over 3 milliardar kroner, og er også den mest teknisk utfordrande. Det skal blant anna byggjast to ventilasjonssjakter med ein diameter på 10 meter, som skal sprengjast ned 250 meter før dei treffer tunnelløpa. Dette er aldri blitt gjort tidlegare. Det blir også et toplanskryss med to rundkjøyringar under Kvitsøy, seier Espedal. Når E02 er tildelt blir dei to neste store kontraktane kunngjorde med ein vurdert kontraktsverdi på 2,8 og 2,7 milliardar kroner. 

Sparar 40 minutt

Rogfast skal vere ferdig innan 2026, og vil knyta nord og sør Rogaland saman. Reisetida blir 40 minuttar raskare frå Bergen til Stavanger når alt står ferdig i 2026.

- Vestlandsfylka har tilsaman om lag 1,3 :millionar innbyggjare og utgjer ei vesentleg verdiskaping. Det er av stor betydning at vi har ein effektiv og god infrastruktur som styrkjer busetjing og næringsutvikling. Vi i Rogaland likar å snakke om at vi har dei lengste og djupaste tunnelane, og med Rogfast stadfester vi denne posisjonen. Dette krev mykje av oss, både som planleggarar, byggjarar – og til slutt som brukarar, sa fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal i sin tale.