Planen har vore på avgrensa høyring etter at formannskapet på Kvitsøy behandla planen 2. februar. I høyringsrunden trekte fylkeskommunen og fylkesmannen motsegnene.


Status per april er at den eksterne kvalitetssikringa (KS2) av Rogfast er i gang. Viss Rogfast blir behandla i Stortinget til hausten, blir arbeidet starta vinteren 2017. Arbeidet begynner i Mekjarvik, der entreprenøren skal bygge ein tilkomst-tunnel inn til sjølve hovudtunnelen.