– Statens vegvesen har bestemt at Rogfast skal byggast med maks 5 prosent stigning opp til Arsvågen i staden for 7 prosent som tidlegare planlagt. Det betyr at planane for Rogfast må omarbeidast i Bokn kommune, opplyser regionvegsjef Helge Eidsnes.

Opning i 2023

– Men vi kjem til å jobbe for å nå målet om opning av Rogfast i 2023, poengterer Eidsnes.

Tunnelarmen til Kvitsøy blir uendra med 7 prosent stigning.

Maks 5 prosent stigning betyr at tunnelen blir vel 1 kilometer lengre. Prisen blir om lag 400 millionar kroner høgare med denne løysinga.


Færre brannar

– Ei redusert stigning fører til 20 prosent færre brannar eller tilløp til brannar i tunge køyretøy i tunnelen. Den samla ulykkes- og dødsrisikoen er berekna å bli redusert med rundt 5 prosent, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Slakare stigning gjer verdas lengste undersjøiske tunnel endå tryggare.

Rogfast skal gå frå Harestad i Randaberg kommune til Arsvågen i Bokn kommune. Tunnelen blir bygd med to løp og til saman fire felt. I tillegg blir det bygd ein tunnel med eit løp på om lag fire kilometer opp til Kvitsøy.

 

Kontaktperson i Statens vegvesen er regionvegsjef Helge Eidsnes: 958 94 100