I tillegg startar arbeidet med ein områdereguleringsplan for utfyllingsområde/næringsområde ved Arsvågen.
Bakgrunnen for arbeidet med ny reguleringsplan for Rogfast i Bokn kommune, er at Statens vegvesen i 2013 bestemte at tunnelen opp mot Bokn skal byggast med slakare stigning enn det som er planlagt tidlegare.

Planprogram

Vi legg også ut forslag til planprogram til høyring og ettersyn. Planprogrammet fortel om målet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad og kva trasear vi føreslår utgreia.

Hovudmålet med planen er å bygge ferjefritt samband over Boknafjorden, E39 Rogfast. Gjennom handsaminga av planprogrammet skal ein bestemme kva for ein trasé for tunnel og veg i dagen som skal utgreiast og detaljregulerast.
Ny E39 krev konsekvensutgreiing, men Bokn kommune meiner planen for utfylling av tunnelmasse i Arsvågen ikkje treng ny konsekvensutgreiing fordi det er gjort i tidlegare planar. Ei konsekvensutgreiing gjer greie for kva følgjer ei vegutbygging får for miljø, naturressursar og samfunn.

Forprosjekt

I eit forprosjekt/silingsrapport har Statens vegvesen konsekvensvurdert ti forskjellige løysingar for strekninga Laupland–Knarholmen. Vi anbefaler alternativ B3. Forprosjekt/silingsrapport og planprogram kan lastast ned frå denne sida. Dokumenta ligg også på heimesida til Bokn kommune og på Bokantun (kommunehuset).

Informasjonsmøte

I samband med oppstart av planarbeidet og høyringa av planprogrammet, blir det arrangert eit ope møte i Bokn måndag 3. mars klokka 18:00 på Boknatun (kinoen).

Innspel

Vi ber om eventuelle merknader innan 26. mars. Send det skriftleg til: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, eller til firmapost-vest@vegvesen.no.

Kontakt

Har du spørsmål om planarbeidet, kan du kontakte Bjørn Åmdal tlf. 950 33 506, eller på e-post bjorn.amdal@vegvesen.no.