Fylkestinget behandlar finansieringsplanen i sitt møtet 9. og 10. juni. Etter at fylkespolitikarane har sagt sitt, startar den såkalla KS2-behandlinga (ekstern kvalitetssikring). I praksis betyr det at ein ekstern aktør går gjennom kostnadar med meir.

Viss kvalitetssikringa går som planlagt, kan Rogfast bli behandla i Stortinget våren 2016. Då kan det bli byggestart mot slutten av 2016.

Reguleringsplanen for tunneltraseen i Randaberg kommune er godkjent. Det same er reguleringsplanen for tunnelen til Kvitsøy.

Fem reguleringsplanar som gjeld Rogfast er ennå ikkje vedtekne

  • Harestadkrysset, blir truleg sluttbehandla etter sommarferien. Krysset er koplinga mellom Rogfast og E39.
  • Reguleringsplan for Laupland-Knarholmen i Bokn blir sluttbehandla  tidleg hausten 2015.
  • Reguleringsplanen for massedeponi i Mekjarvik sør blir sluttbehandla før sommaren.
  • I tillegg kjem reguleringsplanar for massedeponi på Bokn og Kvitsøy. Desse blir sluttbehandla hausten 2015.

Reguleringsplanane må vere vedtekne før KS2-behandlinga kan bli ferdig.

Prislappen på Rogfast er berekna til 14,2-15,2 milliardar 2015-kroner.

Staten bidreg med 2,830 milliardar, resten må finansierast av bompengar. Det er rekna med ei rente på 5,5 prosent.

Viss prislappen blir 15,2 milliardar kroner blir prisen på å kjøre gjennom Rogfast blir rundt 330 kroner for personbilar og 990 kroner for tunge køyretøy.