Målet er å få Rogfast behandla i Stortinget i 2015. For å greie dette må prosjektet klare ein del milepålar. Ein av dei viktigaste er planprogrambehandlinga i Bokn kommune.

– Vedtaket i kommunestyret i Bokn er veldig viktig for vidare framdrift i prosjektet, slår prosjektleiar Tor Geir Espedal fast.

Ein trasé

Det politiske vedtaket i Bokn betyr at kommunen har vedteke planprogrammet. I planprogrammet er det bestemt kva for ein trasé for tunnel og veg i dagen som skal utgreiast og detaljregulerast. No er det fastsett at berre alternativ B3 på E39 mellom Laupland og Knarholmen i Bokn kommune skal konsekvensutgreiast. B3 var Statens vegvesen si anbefaling.

Kontrakt til 85 millionar

Anskaffingsnemnda i Statens vegvesen har innstilt Norconsult til å få kontrakten med prosjektering og planlegging av fergefri kryssing av Boknafjorden. Kontrakten med Norconsult er verd godt 85 millionar kroner.

Oppdraget omfattar planlegging og prosjektering av E39 Rogfast frå Harestad i Randaberg kommune til Laupland i Bokn kommune.

- Norconsult hadde det totalt sett beste tilbodet og vi er glade for å kunne skrive kontrakt med dei. Me veit dei har mange og dyktige fagfolk med erfaring frå mellom anna Ryfast og
Eiganestunnelen, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Klagefristen er ti dagar, så kan kontrakten underskrivast. Norconsult sitt tilbod var nærmare 15 millionar kroner billegare enn nummer to, Multiconsult.


Konkurransegrunnlag

Norconsult skal no lage forprosjekt, konkurransegrunnlag (teikningar og skildringar), og byggeplan (arbeidsteikningar og data for bygging). Arbeidet inkluderer også planlegging og prosjektering av tunnelarmen til Kvitsøy. I tillegg er det snakk om planlegging og prosjektering av dagsoner i Randaberg, på Kvitsøy og på Bokn.

Planlegging og prosjektering av massedeponi Mekjarvik sør, på Kvitsøy, i Arsvågen og i området Knarholmen er også ein del av kontrakten som er lyst ut. På Bokn er det i tillegg ein opsjon på planlegging og prosjektering av kryss ved Knarholmen, kryss på Austre Bokn og ein del støytiltak mellom kryssa.

Rogfast-fakta

 

  • E39 Rogfast består av ein cirka 27 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Harestad i Randaberg og Laupland i Bokn.
  • Tunnelen blir bygd med to løp, det vil seie fire felt. Maks stigning er fem prosent. 
  •  I tillegg kjem ein rundt fire kilometer lang tunnelarm til Kvitsøy, samt kryss og veg i dagen i dei tre kommunane.
  •  Rogfast blir verdas lengste og djupaste (390 meter under havoverflata) vegtunnel.
  • Prisen på Rogfast er rekna til 13,8 milliardar kroner.