I sommar startar selskapet retningsstyrt kjerneboring frå skip for Rogfast-prosjektet. Kontrakten som nyleg blei skriven under er verdt 65 millionar kroner. VTT Maritime AS skal bore tre hol på rundt 1000 meter til saman.

– I eit prosjekt til 13,4 milliardar kroner må vi ha kontroll på kva vi møter i djupet. VTT Maritime AS hentar opp kjernar frå det djupaste punktet i den planlagde tunneltraseen mellom Kvitsøy og Bokn. Vi treng å verifisere kva for bergartar tunnelen skal gjennom og kva dei svake sonene inneheld. Det er fornuftig å bruke pengar for å få meir kunnskap i den fasen vi er i no, seier fortel prosjektleiar for Rogfast i Statens vegvesen, Tor Geir Espedal.


I fleire veker i sommar skal VTT Maritime kartlegge området mellom Bokn og Kvitsøy.