Statens vegvesen varsla 11. februar 2014 start av detaljregulering og høyring av planprogram for E39 Rogfast, Laupland-Knarholmen.

Bokn kommune handsama planprogrammet 24. juni. Kommunestyret vedtok at alternativ B3 skal regulerast og konsekvensutgreiast.

I punkt to i intensjonsavtalen mellom kommunen og Statens vegvesen står:
“Partene er enige om at planavgrensningen som er vist i planprogrammet datert 7. feb. 2014utvides i tråd med vedlagte skisse. Intensjonen med denne utvidelsen er å gi plass til et større riggområde og område for mellomlager av tunnelmasse fra Rogfast».

Området for mellomlager skal ha plass til all overskotsmasse frå Rogfast som blir teke ut på Bokn . Med dette som bakgrunn varslar Statens vegvesen ei utviding av planområdet sør for Knarholmen.

Vi ber om å få tilsendt innspel innan fire veker: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6862 Leikanger eller firmapost-vest@vegvesen.no.

Kontaktperson i Statens vegvesen er Bjørn Åmdal, bjorn.amdal@vegvesen.no, telefon 950

33 506.

 

Sjå også høyringar vegprosjekt