Bygginga av Rogfast gir eit stort overskot av massar, og overskuddsmassar kan nyttast til å utvide næringsområda i Mekjarvik.

Reguleringsplanen for tunneltraseen i Randaberg kommune er allereie godkjent. Det same er reguleringsplanen for tunnelen til Kvitsøy.

Fire reguleringsplanar som gjeld Rogfast er ennå ikkje vedtekne:

  • Harestadkrysset, blir truleg sluttbehandla etter sommarferien. Krysset er koplinga mellom Rogfast og E39.
  • Reguleringsplan for Laupland-Knarholmen i Bokn blir sluttbehandla tidleg hausten 2015.
  • I tillegg kjem reguleringsplanar for massedeponi på Bokn og Kvitsøy. Desse blir sluttbehandla hausten 2015.