Arbeidet omfattar planlegging og prosjektering av E39 Rogfast frå Harestad i Randaberg kommune til Laupland i Bokn kommune.

– Dette er eit stort oppdrag og ein viktig milepåle for Rogfast, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.
Planlegging og prosjektering betyr arbeid med forprosjekt, konkurransegrunnlag (teikningar og skildringar), og byggeplan (arbeidsteikningar og data for bygging).

Arbeidet inkluderer også planlegging og prosjektering av tunnelarmen til Kvitsøy. I tillegg er det snakk om planlegging og prosjektering av dagsoner i Randaberg, på Kvitsøy og på Bokn.

Planlegging og prosjektering av massedeponi Mekjarvik sør, på Kvitsøy, i Arsvågen og i området Knarholmen er også ein del av kontrakten som er lyst ut. På Bokn er det i tillegg ein opsjon på planlegging og prosjektering av kryss ved Knarholmen, kryss på Austre Bokn og ein del støytiltak mellom kryssa.

Frist for levering av tilbod er 24. april.