Dei siste månadene har fleire viktige avklaringar komne på plass for prosjektet. Prosjektet er omtala i Nasjonal Transportplan 2010-19. Prosjektet er prioritert oppstarta i siste del av perioden under føresetnad av at det lokalt er semje om at prosjektet skal delfinansierast med bompengar. Regjeringa har også handsama prosjektet i samband med ordninga med kvalitetssikring av store prosjekt i tidleg fase – KS1. Det er avklara at det arbeidet som er starta opp med konsekvensutgreiing og kommunedelplanar skal sluttførast. Vi sender difor no planane over til kommunane for sluttbehandling, og kommunedelplanane vert sannsynlegvis vedtekne i løpet av hausten. Samtidig med dette vil vi starte førebuingane av vidare planarbeid.

Vi har i samband med dette lagt ut nokre nye dokument under "Planar" (inkl. undermenyane) og under "Presentasjonar".