Møtet finn stad på Nordfjord Hotel på Nordfjordeid tysdag 25. januar frå 10.00-14.00.

Samarbeidsgruppa består av representantar frå Statens vegvesen, dei to fylkeskommunane, alle kommunane som har tilknyting til denne strekninga av E39 og andre offentlege instansar.

Vegvesenet vil i alt leggje fram 20 ulike konsept. Konsept er prinsipielle måtar å løyse eit transport- og samfunssbehov på. 

I tillegg til kartskisser vil konsepta innehalde utrekningar knytt til kostnader og reisetid ved dei ulike løysingane.

Nokre av løysingane har vore lagt fram tidlegare, medan andre inkluderer nye innspel som kom fram under førre samarbeidsgruppemøte i Ørsta.

Målet er at ein etter møtet på Nordfjoreid skal stå att med nokre færre alternativ.
- Vi har enno ikkje landa på ei anbefalt løysing, men vil på møtet i januar foreslå ei utsiling, seier Kjell Kvåle, prosjektleiar for KVU Skei-Åklesund.

I tillegg vil ein på dette møtet gå meir inn på dagpendlarområdet, og kva influensområde som er knytt til dei ulike konsepta.