Møtet finn stad på Hotell Ivar Aasen tysdag 26.oktober frå klokka 10:00 til 14:00.

På møtet skal fylgjande tema drøftast:
• Behov og mål for strekninga. Dette er sentrale deler av KVU-rapporten, og bør drøftast vidare på det grunnlaget som kom fram på verkstaden.
• Konsept i langsiktig perspektiv. Her inngår mange av dei skissene som kom fram under verkstaden. I tillegg presenterer vi variantar som ikkje var framme.
• Konsept i eit kortare perspektiv. Her vil ferjekonsepta stå sentralt, og vi må drøfta korleis desse inngår i dei meir langsiktige løysingane.

Her finn du ei oversikt over medlemmane i samarbeidsgruppa for KVU E39 Skei-Ålesund.

Du kan også laste ned nokre av dei konsepta som vil bli lagt fram for samarbeidsgruppa.