I alt var det 36 deltakarar, og møtet vart leia av Tore Solberg, ”ein reisande” innan KVU-arbeid i Vegvesenet.

Første del av møtet vart innleia med ein presentasjon av alle deltakarane. Deretter fylgde ei orientering frå Statens vegvesen med ein gjennomgang av bestillinga frå Samferdsledepartementet, korleis ei konseptvalutgreiing i Vegvesenet blir gjennomført og framdriftsplan for arbeidet med KVU E39 Skei-Ålesund.

Etter orienteringa delte deltakarane seg inn i tre grupper for å diskutere sine forventningar til KVU- prosessen. Medverknad, mangfald og tidsfristar var noko av det dei meinte var viktigast. Frå vegvesenet si side vart det ytra ynskje om deltaking, engasjement og ei forståing for prosessen frå kommunane si side.

Andre del av samlinga gjekk med til å diskutere kven som skal vere medlem i samarbeidsgruppa, og kven som skal delta på planverkstaden i byrjinga av september. Bakgrunnen for ein slik planverkstad er å forankre arbeidet og opprette god kontakt med interessentgrupper innan næringsliv, forvaltning, lag og organisasjonar. Gruppene kom med innspel på kven som burde inviterast til planverkstaden.

 Vedlagt finn de:

  • Referat frå oppstartsmøtet på Nordfjordeid
  • Presseinvitasjonen som vart sendt ut før møtet