Målet med reguleringsplanen er å erstatte eksisterande Skipenes bru i Eid sentrum med ei ny bru. Eksisterande bru heldt ikkje dagens krav til rekkverk og bredde, og den manglar gang- og sykkelveg for mjuke trafikantar. Den brua som ligg der no skal difor bytast ut med ei ny bru.  I anleggsperioden skal det setjast opp ei mellombels bru.

Målet for prosjektet er å ha godkjent reguleringsplanen i løpet av 2018.

I samband med reguleringsplanarbeidet skal det gjennomførast ei konsekvensutgreiing for naturmangfald med vekt på statusen som Eidselva har som nasjonal lakseelv. Det er vurdert at tiltaket ikkje vil føre til vesentlege verknadar for andre deltema som er omtalt i Forskrift om konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova.

Innspel til reguleringsplanarbeidet sendast skriftleg innan 28.9.2018 til firmapost-vest@vegvesen.no.

Har du spørsmål kan du kontakte Statens vegvesen ved Åsne Helleve på telefon 97 10 67 84 eller e-post asne.tungesvik.helleve@vegvesen.no.  

Kontaktperson i Eid kommune er Dag Petter Leite, som kan kontaktast på telefon 57 88 58 00/415 65 897 eller epost dag.petter.leite@eid.kommune.no

Dersom du ynskjer å levere innspel på papir kan du kontakte kommunen.

Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7. 

 

Skipenes bruPlanområde