Prosjektet omfatter omlegging av krysset på Skorgen mellom E39 og E136 i samband med, at Statens vegvesen skal stenge Kjelbotnkrysset. Ferdig plan skal vise ei løysing som vil samsvare med framtidig kjøyremønster. Det skal leggast vekt på gode løysingar for mjuke trafikantar og kollektivtrafikk.