Høyring av framlegg til statleg kommunedelplan (KDP) m/konsekvensutgreiing (KU) E39 Stord–Os

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er statleg arealmynde, slutta seg til at Statens vegvesen sitt framlegg til statleg kommunedelplan m/konsekvensutgreiing for E39 Stord–Os kunne leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring.

Merknadsfristen var sett til 20.januar 2017 og høyring av KDP m/KU er no avslutta.

I Kommunedelplanen er alternative traséløysingar utgreidd i samsvar med fastsett planprogram (17.12.2015). Kommunedelplanen omtalar kva veglinjer og bruløysingar som har vore vurdert og kva løysing Statens vegvesen tilrår for strekninga ("Alternativ B"). Endeleg avgjerd om brutype over Bjørnafjorden; K1/K2, K7 eller K8, må takast på eit seinare tidspunkt.

Last ned kart som viser tilrådd løysing: