Sånn kan det sjå ut med endeforankra flytebru.Sånn kan det sjå ut med endeforankra flytebru.

Sidan 2009 har Statens vegvesen jobba med fjordkryssing i Bjørnafjorden. Fjorden er fem kilometer brei og nær 600 meter djup. Å krysse fjorden med bru krev difor ny bruteknologi.

Dei to rådgjevargruppane Vegvesenet har signert kontrakt med skal arbeide parallelt med å vidareutvikle og dokumentere fire variantar av flytebruløysing; sideforankra og endeforankra flytebru, og kombinasjonar av desse. Konseptutgreiinga som blir gjort fram til august 2019 vil gje grunnlaget for Statens vegvesen si endelige avgjerd om val av bruløysing.

Snarleg oppstart

Aas-Jakobsen, COWI og Multiconsult med Johs Holt skal hjelpe Statens vegvesen med å finne den beste bruløysinga på E39 over Bjørnafjorden i Hordaland. Arbeidet startar allereie i november 2018.

Samstundes skal ei anna uavhengig prosjekteringsgruppe i gong. Norconsult og Dr.techn. Olav Olsen har tidlegare vore inne i dei føregåande fasane av kryssinga. Med seg på laget har dei fått nystarta Prodtex.

Begge dei to gruppane har fått kontrakt fram til  august 2019, med opsjon vidare. Konsulentselskapa har knytt til seg gruppar med spisskompetanse på samferdsle og bruer, samt offshore og marine verksemder.

– Vegvesenet ønskjer svar på er kva for ei type flytebru som er best for Bjørnafjorden. Både sideforankra og endeforankra manglar vi nok kunnskap om for å ta ein avgjerd på kva vi skal jobba vidare med. Her kan det også vere andre variantar av flytebru som er attraktiv, seier prosjekteringsleiar for bru over Bjørnafjorden, Øyvind Kongsvik Nedrebø.

– Utfordrande samferdselsprosjektet

Svein Erik Jakobsen fra Aas-Jakobsen blir prosjektleiar for eine prosjekteringsgruppa.

– Dette er kanskje det mest utfordrande samferdselsprosjektet i Norge i moderne tid, og vi ser fram til å kunne hjelpe til å bringe dette nærare ei endeleg realisering, seier Jakobsen.

Kolbjørn Høyland er oppdragsleiar i Dr.techn. Olav Olsen.

– Vi har mange idear til korleis vi saman med Vegvesenet kan redusere prosjektkostnadane, og samstundes oppnå ein robust og sikker konstruksjon, seier Høyland. 

Forutsigbar reiseveg

Brua over Bjørnafjorden kjem til å erstatte ferja som brukar 40 minutt over fjorden i dag. Det vil ta elleve minutt å køyre over.

Ein mer forutsigbar reiseveg og vesentlig redusert reisetid gir stor samfunnsgevinst viser berekningar Statens vegvesen har gjort.

På den fem kilometer lange flytebrua er det planlagt fire felt med 110 km/t fartsgrense, samt gang- og sykkelveg. Den planlagte flytebrua kjem til å bli over fem kilometer lang, og er ein del av Ferjefri E39.