Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

COWI AS er innstilt som vinner av anbodskonkurransen om utarbeiding av reguleringsplan for strekninga E39 Ådland-Svegatjørn.

Konsulentoppdraget har ein verdi på om lag 80 millionar kroner, og det aller meste av arbeidet skal utførast i løpet av dei 15 neste månadane.

– Dette er eit omfattande og viktig prosjekt, og vi fekk inn fem gode tilbod frå Multiconsult, Norconsult, COWI, Asplan Viak og SWECO Norge.

COWI AS er den rådgivaren som totalt sett har levert best på dei oppsette kriteria for tildeling av oppdraget. No ser vi fram til eit godt samarbeid med dette firmaet, der målet er å få utarbeidd ein så god reguleringsplan som mogeleg, seier prosjektleiar Sverre Ottesen.

Planen klar våren 2022

Kontrakten med COWI AS inneheld óg fire opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden. Forslag til reguleringsplan skal etter planen vere klart våren 2022.

Det er sett ein karensfrist på 10 dagar før kontrakt kan signerast.


Kontaktperson:

Ellen Slinde, planleggingsleiar
Mobil: 992 03 238
E-post: e39stordos@vegvesen.no

Slik kan bru over Bjørnafjorden sjå ut på ny E39 Stord-Os (Hordfast) (Illustrasjon: AMCDissing & Weitling) Foto: AMCDissing og Weitling
Aktuelt for fylke(r): Vestland