Kommunedelplanen (KDP) m/konsekvensutgreiing (KU) for E39 Stord–Os låg ute til offentleg ettersyn i tidsrommet 22.11.2016–20.01.2017.

I etterkant har Statens vegvesen utgreidd to nye alternativ for bru over Bjørnafjorden, og vi legg difor ut ein avgrensa del av planen, strekninga Gjøvåg-Svegatjørn, på tilleggshøyring. 

Her kan du laste ned dokumenta til tilleggshøyringa. 

Legg ut to alternativ

Kommunal – og moderniseringsdepartementet har som statleg arealmynde slutta seg til at Statens vegvesen legg ut to nye alternativ for brukryssing av Bjørnafjorden til offentleg ettersyn og høyring.

I kommunedelplanen er alternative traséløysingar utgreidd i samsvar med fastsett planprogram (17.12.2015). Kommunedelplanen omtalar kva veglinjer og bruløysingar som har vore vurdert og kva løysing Statens vegvesen tilrår for strekninga.

Utvida bu- og arbeidsregion

Samfunnsmålet med prosjektet er å knyte dei store byane og vestlandsregionen saman for å skape utvida bu- og arbeidsregionar langs heile strekninga. Det vil også gjere det lettare for næringslivet å få tak i råvarer, innsatsfaktorar og arbeidskraft ved behov, samt eksportere varer.

Planforslag med tilleggsutgreiing er tilgjengeleg på siden Tileggshøyring av planforslag

Høyringsfristen er sett til 30. april 2018

Vi ber om uttale berre for brualternativa over Bjørnafjorden; - dei to nye brualternativa til Gulholmane sett opp mot tidlegare presenterte brualternativ til Kobbavågen.

Høringsuttalar til brualternativa vil, saman med høyringsuttalane som allereie er gitt ved den ordinære høyringa, gje grunnlag for Statens vegvesen sitt endelege planforslag for heile planstrekninga mellom Stord og Os.

Kontakt

Høyringsuttale /merknader til brualternativa skal sendast til:

Statens vegvesen Region vest

Postboks 43

6861 Leikanger

Eller e-post: firmapost-vest@vegvesen.no

Merk e-post og/eller brev med «E39 Stord-Os»

Statens vegvesen vil gå gjennom mottekne høyringsuttalar /merknadar, samanfatte og sende desse over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for vidare handsaming og endeleg avgjerd for heile strekninga Ådland-Svegatjørn.