I ei innstilling til styringsgruppa for Ferjefri E39 blei det lagt fram ei anbefaling om å gå vidare i arbeidet med flytebru over Bjørnafjorden.

Fire alternativ har vore aktuelle, og Statens vegvesen meiner at sjølv om alle alternativ har vore gode, er det riktig å gå vidare med flytebru i dette prosjektet. To variantar av flytebru som framleis held fram er endeforankra flytebru på 5530 meter, og sideforankra rett flytebru på 5178 meter.

Dei to alternativa er dei med lågast investeringskostnad.

Billigare bru

For heile E39 Stord – Os, populært kalla Hordfast, er kostnaden redusert frå 43 til 35 milliardar. Kostnadane for flytebru ligg no på 17 milliardar. Tidlegare har kostnaden for bru lege på 20 og 25 milliardar.

For alle brukonsepta har prisane gått ned og usikkerheita er lågare sidan anslaget i 2016. Mykje av kostnadsreduksjonen kjem som følgje av at det har blitt gjort endringar og forbetringar, i tillegg har vi betre kunnskap og kontroll med ein del faktorar som tidlegare var svært usikre.

I nord er forslaget å flytta ilandføringa austover frå Kobbavågen til Gulholmen. For begge alternativa er betong byta ut med stål i pontongane.

Mindre materialbruk

– I konseptet med endeforankra bru hadde vi først to parallelle stålkassar med to køyrefelt i kvar retning, medan det no er éi samla brukasse. Dette gjer at materialbruken blir mindre, som igjen kostar mindre pengar, seier prosjektleiar for E39 Stord-Os, Signe Eikenes.

Pontongavstanden er endra frå 200 meter til 100 meter, i tillegg er den endra frå ei vestvendt bogebru til ein austvendt bogebru, noko som er betre i høve til å motstå effekt frå vind og bølger.

I konseptet med sideforankra flytebru har det vore gjort omfattande arbeid med forankring og vurdering av sjøbotnstabilitet, og pongtongavstanden er endra frå 200 meter til 100 meter.

Like robuste bruer

– Når vi får bruke tid på å lage gode løysingar, har vi betre føresetnad for å få kostnaden lågare. Det er også naudsynt i ei tidleg fase å dokumentere, gjennom omfattande analyser og testar, at dei føreslegne bruløysingane er tilstrekkeleg robuste, seier Øyvind Nedrebø, prosjekteringsleiar i Statens vegvesen.

– Bruene blir like robuste, men går ned på mengde materiale om det blir brukt på rett måte. Vi føler oss trygge på det vi held på med, og har kontroll på kostnaden, seier Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for bru over Bjørnafjorden.

Han meiner dette gir eit viktig signal til bevilgande myndigheiter at kostnadane går ned gjennom konseptutvikling.

– Anslaga som er gjort viser kostnadsreduksjonar hovudsakeleg som følgje av reduserte mengder og redusert usikkerheit. Begge deler er som følge av god prosjektering og oppfølging, seier Belsvik.

Fremste ekspertisen

– Resultat frå forskningsprogrammet til Ferjefri E39 har óg vorte implementert i arbeidet, og på den måten medvikra til kostnadsreduksjon. Dette gjeld mellom anna tema som skipsstøyt og vindlaster, der vi har noko av den fremste ekspertisen tilgjengeleg gjennom våre samarbeidspartnarar. Dette viser nytten av forsking for eit slikt type prosjekt, seier Mathias Egeland Eidem, prosjektleiar for utviklingsprosjekt Fjordkryssing.

Det har vore jobba med både hengebru- og rørbrukonsept for Bjørnafjorden. Funna her vil kome til nytte i andre fjordkryssingar, sjølv om dei ikkje blir med vidare i Bjørnafjorden.