Regionvegsjef Helge Eidsnes møtte samferdsleminister Jon Georg Dale i SandvikvågRegionvegsjef Helge Eidsnes møtte samferdsleminister Jon Georg Dale i Sandvikvåg

Jon Georg Dale var på vestlandstur for å få vite meir om mellom anna Ferjefri E39

Han starta dagen på Stord, før ferda gjekk vidare nordover med ferje frå Sandvikvåg til Halhjem. Under overfarten fekk Dale ein presentasjon om prosjektet, og kva slags bruer som det vert jobba vidare med.

Prosjektleiar for E39 Stord-Os, Signe Eikenes, prosjektleiar for bru over Bjørnafjorden Kjell Håvard Belsvik og regionvegsjef Helge Eidsnes møtte samferdsleministeren på kaia i Sandvikvåg.

– Det var hyggjeleg å møte den nye statsråden. Han var interessert i å høyre om bakgrunnen for prosjektet, undersøkingane i Bjørnafjorden, framdrift og kostnader, fortel Eikenes.

Skal ikkje bruke meir skattepengar enn nødvendig

Media var også invitert med på turen, og fleire hadde spørsmål om kostnadene. Som kjent er prosjektet i milliardklassen fordi teknologien som trengs for fjordkryssinga er ny. Trass i høge kostnader, prosjektet har høg nytteverdi viser berekningar som er gjort.

– Alle prosjekt har eit oppdrag frå meg, og det er å få ned kostnadene. Vi skal ikkje bruke meir skattepengar enn nødvendig på kvart prosjekt, men vi skal bygga mest mogleg, seier Dale.

Han innrømmer at transportplanen er ambisiøs – men at det er hans jobb å realisere prosjekta.

– Ein kjem ikkje nærare ei realisering av prosjekt på Vestlandet om ein slår kvarandre i hel. Ein må ta det i rett rekkefølgje, og då må ein fullføre dei prosjekta som allereie er i gang, seier Dale når spørsmål om det kunne vore betre nytte av pengane i andre prosjekt.  

 – Det er fint å ta ferje når eg veit ho skal forsvinne. Eg har tenkt å realisere bru over Bjørnafjorden.