Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen takkar for dei mange og nyttige innspela som er komne inn ved oppstart av reguleringsplanarbeidet for E39 Stord - Os.

Det kom inn 12 brev frå det offentlege, 70 frå private og i tillegg mange innspel frå lag og organisasjonar.

– Tema som det blir lagt mykje vekt på, er naturverdiane både på Tysnes og i Søre Øyane ved Os, fortel Ellen Slinde, planleggingsleiar i prosjektet E39 Stord-Os.

Frå private har det kome inn mange spørsmål om tilkomst til bustadeigedomane, jordbruksundergangar, tilkomst til skogområda, støytiltak og meir konkrete spørsmål om korleis løysingane blir på den enkelte eigedom.

Korleis vil Statens vegvesen bruke innspela?

Alle forhold som er spelt inn vil bli vurderte av Statens vegvesen i planperioden. Når forslaget til reguleringsplan er klart, vil ein sjå om og korleis innspela har påverka løysingane, fortel Slinde.

Målet er at reguleringsplanen blir lagt ut på offentleg høyring tidlegast våren 2022. Då blir det også arrangert offentlege møte, og mykje informasjon om plandokumenta blir lagt ut på prosjektsida. I planperioden vil det også bli arrangert informasjonsmøte. Møtetidspunkt blir annonsert her og i avisene.

Vil regulere eit mindre område
Statens Vegvesen vil regulere eit mindre område enn det som er varsla. Dei nye tilpassingane vi ser på vil ligga innanfor varslingsområdet.

Interaktivt kart med varslingsgrense finn du her

Eksempel på mottekne innspel

Under finn du eksempel på ein del innspel som er komne inn og nokre av dei har med svar frå Statens Vegvesen.

På Stord er omsynet til Ådlandsvatnet,  Hestesportssenteret, friluftsområda og hjortevilt nemnd av mange. På Tysnes er det mange spørsmål om skogeigedomar og jakt.

  • Svar: Statens vegvesen ynskjer å ha eigne møte om dette seinare for å drøfte plassering av jordbruks- og viltundergangar. Vi er ikkje klare med skisser av vegen før til neste sommar og difor er det eit aktuelt tidspunkt for møte.

Fleire nemner at strekninga frå Beltestad til Færavåg må jobbast med for å trekke vegen lenger sør, vera mindre i konflikt med nybygde bustadhus, for å få betre støyforhold og at eventuelt ny kraftleidning blir lagt i bakken.

  • Svar: Beltestad er ein av mange plassar vi vil jobbe med i detalj for å svare ut dei gode og nyttige innspela vi har fått.

I Bjørnafjorden blir det stilt spørsmål om det blir auka trafikk på vegen ut til Røtinga. Samstundes kom det spørsmål om det er mogleg å etablera kryss på Røtinga for å avlaste trafikken på Lepsøyvegen.

  • Svar: Ny E39 er planlagd som ein lang tunnel frå Gulholmane til Svegatjørn. Røtingavegen blir liggande slik den er i dag, som lokalveg. Det einaste krysset som er aktuelt i Bjørnafjorden vil ligga ved Svegatjørn, mellom anna for å unngå auka trafikk på Røtingavegen og Lepsøyvegen.

I anleggsperioden er det tenkt at hovudtransporten ved bygging av Bjørnafjordbrua skal skje frå sjø. Ny gang- og sykkelveg frå lokalvegnettet og ut til Gulholmane skal byggast som del av prosjektet, og denne vil i anleggsperioden bli nytta til mellom anna persontransport. 

  • Svar: Trafikksikringstiltak på lokalvegnettet er tenkt utgreidd som del av planen.

«Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden» har sendt fleire likelydande brev, der dei mellom anna ber om at ein stoppar arbeidet med E39 Stord – Os og heller startar utarbeiding av kommunedelplan for ein trase over Tysnes/Fusa/Os.

  • Svar: Ei indre linje er utgreidd tidlegare og er vald vekk i vedtatt konseptvalutgreiing (KVU). Etter det er det gjort vedtak av  kommunedelplan for Stord – Os, noko som ytterlegare stadfestar valet av traseen over Tysnes (dvs. det som blei kalla midtre linje i KVU).

Om innspela frå dei offentlege etatane

NVE
NVE tilrår at vi vurderer bruk av bru framfor kulvertar og fylling ved kryssing av viktige vassdrag som til dømes utløpet av Ådlandsvatnet, Flatråkervatnet og ved kryssing av Ulvenvatnet. Ulvenvatnet er ein del av Osvassdraget, som er verna mot kraftutbygging, og den arealbruken som blir lagt opp til i planen bør ikkje redusere verneverdiane i vassdraget.

Fylkesmannen i Vestland
Ber mellom anna om at det vidare arbeidet må omfatte ulike variantar av hovudalternativet  og innehalde vurderingar for å unngå, avgrense, istandsetje/restaurere og kompensere for vesentlege verknader for naturmangfald.

For natur- og landskapsinngrep vil talet på kryss ha stor verknad og Fylkesmannen ber om at kryss for av- og påkøyring må avgrensast til det heilt nødvendige, og at fleire kryss bør kan takast ut. Behovet for rasteplass ved Bjørnafjorden bru ber dei om at blir vurdert på nytt.

Fylkesmannen seier også at natur som er innafor innslagspunktet for motsegn i rundskriv Nasjonale og vesentlege regionale interesser (T-2/16) må inkluderast som område for økologisk kompensasjon. Kompensasjonsområda må takast vare på som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Det må gå fram av reguleringsplanvedtaket kven som er ansvarleg for gjennomføring og at areala skal sikrast seinast tre år etter godkjent reguleringsplan.

Vestland Fylkeskommune
Fylkeskommunen ber om at tiltak for opprusting av fylkesvegnettet og tilrettelegging for mjuke trafikantar vert regulert, kostnadsberekna og finansiert gjennom riksvegprosjektet.

Dei ber om at det blir planlagt framtidig bruk av anleggsvegar og anleggskaiar. Dei ynskjer vidare dialog om tal på kryss.

Samanhengande sykkelveg, tilhøva for mjuke trafikantar og eventuell omlegging av «Nasjonal sykkelrute nr. 1 – Nordsjøruta» må kartleggast og planleggast som del av prosjektet. Ein bør vurdere om det skal leggast til rette for parkering i nærleiken av bruene, og kryssinga over Bjørnafjorden spesielt, for folk som vil gå/sykle over bruene.

Tilrettelegging for eit effektivt og attraktivt kollektivtilbod tilknytt E39 skal vera med i planen.

Vestland fylkeskommune ber om at planarbeidet legg særleg vekt på tilrettelegging for kollektivtransport, forholdet til fylkesvegnettet, sykkeltrasear, omsynet til kulturminne og kulturmiljø, landskap og friluftslivsverdiar. 

Aktuelt for fylke(r): Vestland