Kommunal- og moderniseringsdepartementet har som statleg arealmynde slutta seg til at Statens vegvesen sitt framlegg til statleg kommunedelplan m/konsekvensutgreiing for E39 Stord–Os kan leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring.

I Kommunedelplanen er alternative traséløysingar utgreidd i samsvar med fastsett planprogram (17.12.2015). Kommunedelplanen omtalar kva veglinjer og bruløysingar som har vore vurdert og kva løysing Statens vegvesen tilrår for strekninga. Samfunnsmålet med prosjektet er å knytte dei store byane og vestlandsregionen saman for å skape utvida bu- og arbeidsregionar langs heile strekninga. Det vil også gjere det lettare for næringslivet å få tak i råvarer, innsatsfaktorar og arbeidskraft ved behov, samt eksportere varer.

Planomtale, plankart og fagrapportar er tilgjengeleg under menyfanen:

Høyringsfrist sett til 20. januar 2017

Høyringsuttale/merknader til planen skal sendast til: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER, eller e-post: firmapost-vest@vegvesen.no. Merk e-post og/eller brev med E39 Stord–Os.

Statens vegvesen vil gå gjennom mottekne høyringsuttalar/merknadar, samanfatte og sende dei over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Frist for høyringsuttale er 20. januar 2017.

Folkemøte på Stord, Os og Tysnes i høyringsperioden

Statens vegvesen arrangerer folkemøte på Stord 7. desember kl. 19.00 (Kulturhuset), Os 8. desember kl. 18.00 (Oseana), Tysnes 12. desember kl. 18.00 (Grendatun) for å presentere innhaldet i kommunedelplanen og svare på spørsmål. På Tysnes blir det i tillegg «open kontordag» 5. desember frå klokka 10.00–13.00 på Kommunehuset.

For meir informasjon om kommunedelplanen E39 Stord–Os, ta kontakt:

Signe Eikenes, prosjektleiar for E39 Stord–Os
Telefon: 951 91 934. E-post: signe.eikenes@vegvesen.no

Les også om framlegginga på Kommunal - og moderniserigsdepartementet si nettside