Digital tvilling Digital tvilling

Den 5. og 6. desember blir konferansen «Evolve Arena: Shaping the future of our cities» arrangert. Kva er vel betre å bryne seg på enn ein del av Noregs største samferdselsprosjekt Ferjefri E39?

Bjørnafjorden blir brukt som case når buildingSMART arrangerar hackathon. Arrangøren omtalar dette som det mest ambisiøse arrangementet dei har hatt. Det blir eit hackathon kor dei skal lage forskjellige konsept for kva ein «digital tvilling» skal innehalde, og korleis den skal brukast gjennom livsløpet.

Men først nokre ord du bør vite kva betyr:

buildingSMART Norge er ein interesseorganisasjonen for heile bygg-, anlegg- og eigendomsnæringa.

Eit hackathon er samling av utviklarar som programmerar, lagar forskjellige tenester og andre digitale løysingar, og jobbar intensivt med desse.

Ein digital tvilling er ein sanntidsmodell i 3D som gjenspeglar eit fysisk objekt i form, informasjon og eigenskapar. I dette tilfellet er det brua over Bjørnafjorden. 

Den digitale tvillingen representerar altså konstruksjonen. Tvillingen inneheld nødvendig informasjon eller referanse til informasjon som dekkjer alle behov gjennom heile levetida til konstruksjonen. Undervegs blir tvillingen utvikla, og når konstruksjonen er ferdig skal den takast i bruk som støtte i forvaltning-, drift- og vedlikehaldsprosessane.

– Behova den kan dekkje kan vere eit kontrollsenter med kamera- og trafikkovervakning, belasting på konstruksjonen, trafikkanalysar, fukt og vassinntrenging i pongtongane, skipstrafikk og anna. I tillegg kan den innehalde viktig informasjon om konstruksjonen, kven som har laga kva og kor tid, heile historikken. Det gjer det enkelt å til dømes spore opp ein leverandør når ein del må bytast ut, vite kven som sette den på plass eller kor den blei bestilt frå. Alt dette ligg i tvillingen, fortel Preben Madsen, BIM-koordinator i Statens vegvesen.

Idéutvikling

Deltakarane på hackathonet kan vere med å legge rammene for ein innovasjon som kjem heile samfunnet og den norske byggenæringa til gode.

– Det er mange grunnar til at Statens Vegvesen tar med seg akkurat denne casen til vårt hackathon «Broen til et smartere samfunn». Utover felles innovasjon, inviterer vi for å få hjelp til idear og konsept for bruk av ein digital tvilling i heile brua sitt liv, seier innovasjonsleiar i buildingSMART, Sigve Pettersen. 

Bruk fantasien

– Vi ønsker at konsepta og ideane skal spenne bredt. Korleis utnytte dataene til effektivisering av reisen frå Bergen til Stavanger for sjuke og pleietrengande for eksempel. Eller korleis kan Vegvesenet, med hjelp av den digitale tvillingen, styre og lage prognosar for innkjøp og logistikk av stål for å sikre framdrift i prosjektet? Mengda stål som krevst vil kunne dekke fleire fotballbanar i utstrekning. Korleis vil frakten påverke tettstader og samfunna i nærområdet? Det er berre fantasien som set grenser, seier Pettersen.

Statens Vegvesen tar med seg den noverande versjonen av sin digitale tvilling og gjer denne tilgjengeleg.

Ein del av framtida

Til hackathonet kan alle som vil melde seg på. Det er ein fordel med kunnskap om bygningsinformasjonsmodellering (BIM) og digitalisering, men alle som er interessert i å løyse ei kompleks og reell problemstilling er velkommen.

– Her har folk moglegheit til å kikke ein stor aktør i korta, og samstundes dytte eit av framtidas viktigaste byggteknologiar framover, seier Pettersen.