Arbeidet med bølgje – og straummålingane i Bjørnafjorden starta for om lag to år sidan. I januar 2015 vann DHI (Danish Hydrolic Institute)anbodskonkurransen om måling fram til januar 2017, med opsjon på fleire år.

Arbeidet er godt i gang, og no har Statens vegvesen valt å løyse inn opsjonen på ytterlegare tre år.

– Resultata frå målingane gir oss viktig informasjon om kva belastning brua blir utsett for frå bølgjer og straum. Ei viktig innsikt for å vite kva vi må ta høgde for å ha ei bru som er sikker, fortel Erik Svangstu, overingeniør i Statens vegvesen, som arbeider med kryssing av Bjørnafjorden.

Ekstra høge krav til sikkerheit

Kryssing av den fem kilometer breie Bjørnafjorden med bru er ein viktig del for å nå samfunnsmålet til prosjektet E39 Stord–Os: knyte dei store vestlandsbyane og vestlandsregionen saman. Køyreturen over brua vil ta cirka 3 minutt mot dagens 45 med ferje.

Sidan brua skal være ein reiseveg for folk flest, stiller ein ekstra høge krav til sikkerheit. Innsikt i faktorar som påverkar har mykje å seie for val av design og dimensjoneringa av brua, slik at den oppfyller dei ekstra krava om sikkerheit og levetid. Sentrale faktorar er høgde, retning og periodar på bølgjer og straum der brua skal stå.

Nyttar to målesystem

To ulike system blir brukt i målingane: «AWAC» og «Datawell». AWAC-systemet måler ulike verdiar for bølgje og straum ved hjelp av lydbølgjer. Teknologien som blir brukt kallast høvesvis «akustisk overflatesporing», som måler avstanden til overflata, og «akustisk backscatter», som måler straumhastigheiter og retningar på bølgjene.

Det andre systemet, «Datawell», nyttar seg av små bøyer kalla «Datawell Directional Waverider». Bøyene flyt i overflata og måler endringar i akselerasjonen på bølgjene, slik at ein kan få kunnskap om høgder, periodar og retning på bølgjene.

–  I Noreg har vi mykje kompetanse på å rekne på bølgje- og straumforhold på ope hav, der oljenæringa har vore ein stor pådrivar. Men det har ikkje vore like stor merksemd på korleis bølgjer forplantar seg innover i eit fjordsystem. Sjølv om vi har modellar vi meiner skal fange opp disse effektane, er dette noko vi er nøydde til å undersøke nærmare gjennom målingar, avsluttar Svangstu.

Bøyene må til tider tåle røffe vêrforhold i BjørnafjordenBøyene må til tider tåle røffe vêrforhold i Bjørnafjorden