Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Her finn du svara!

I forkant av og undervegs i det digitale informasjonsmøtet 20.okotber var det fleire som nytta høvet til å stille spørsmål til prosjektleiinga. Totalt var det 21 spørsmål som blei stilt. Hovuddelen blei svara ut i møtet (sjå slutten på opptaket her), men tida strakk ikkje til for gjennomgang av alle.

Her er svara på spørsmåla som ikkje blei svart ut i møtet:

Kva miljøfaglege vurderingar vert gjort i høve til den samla belastninga for naturmangfald, jamfør naturmangfaldlova §10, når ein har vedtatt ei betydeleg auke av veglengda? 

Svar: Naturmangfald er ein del av det vi kallar «ikkje-prissette tema» og skal, som ein del av planleggingsarbeidet, konsekvensutgreiast. Alle alternativ er konsekvensutgreidd i samsvar med «Forskrift for konsekvensutgreiing» og Vegvesenet si handbok V712. Metoden for utgreiing av tema naturmangfald har grunnlag i naturmangfaldlova, inkl. §10 som omtaler den samla belastninga for naturmangfald. Alle utførte rapportar om naturmangfald ligg under «Temarapportar» her på nettsida til prosjektet.

Utgreiingane som er gjort, tek utgangspunkt i alternativa som blei avklart i planprogrammet i 2015 og vedteken kommunedelplan med konsekvensutgreiing. Det er ingen vesentlege endringar eller auke i veglengda sida den gang.

I reguleringsplanarbeidet som no er i gang, skal vi gjere ei tilleggsutgreiing av konsekvensar i samband med optimalisering av vedteken trase. Den gjeld for område som ligg utanfor den tidlegare utgreidde korridoren i kommunedelplanen slik at alt areal som kan bli råka av tiltaket, skal vere utgreidd på likt nivå. Ein viktig del av arbeidet med å optimalisere veglinja er mellom anna å justere traséen slik at fleire naturområde med høg verdi blir teke vare på.

Kva tid vil ei slik samanstilling for Hordfast bli lagt fram?

Svar: Forslag til kommunedelplan for E39 Stord-Os med konsekvensutgreiing av prissette og ikkje-prissette konsekvensar for dei ulike traséalternativa, blei lagt fram for offentleg ettersyn i slutten av 2016. Kommunal – og moderniseringsdepartementet (planmynde) vedtok planforslaget hausten 2019.

Forslag til reguleringsplan med tilleggsutgreiing for konsekvensar, samt nye avvegingar av prissette og ikkje-prissette konsekvensar for den vedtekne traseløysinga, skal etter framdriftsplanen leggast fram 1. halvår 2022.

Kva retningslinjer har styresmaktene sett for kva som er akseptable kostnader for å sikra unike naturverdiar i eit utbyggingsprosjekt, kva er praksis i tilsvarande prosjekter?

Svar: Per no er det ikkje nokon konkrete retningsliner eller universell fasit for kva som reknast som akseptable kostnadar for å sikre naturverdiar. Vegvesenet følgjer gjeldande lovar og retningsliner for utgreiingar i planarbeid, til dømes Forskrift for konsekvensutgreiingar, Plan- og bygningslova, Naturmangfaldlova, Kulturminnelova, Forureiningslova, gjeldande handbøker og liknande.

Oversikt over spørsmål som blei svart ut i møtet (sjå slutten av opptaket tilgjengeleg her)

  1. Korleis stiller forsvaret seg til stenging av Bjørnafjorden?
  2. Kystfortet på Svarvahella er vel freda? Korleis kan Statens Vegvesen forsvare at kystfortet vert rasert og øydelagt?
  3. Korleis forsvarar vegvesenet seg i forhold til å bygge veg i sjeldan regnskog til dømes over Reksteren?
  4. Kor kan ein henvende seg, dersom ein finn freda og/eller sjeldne artar i planlagd trase?
  5. De nemner anleggsområde på Svarvahella, veit dykk om at eit av dei flottaste kystforta i noreg ligg der?
  6. ​Ville det ikkje vore betre å legga vegen i indre trase, kor ein lettare kan kopla på vegar frå aust?
  7. Kan de komma med ein god forklaring på kvifor brua frå Stord til Tysnes har sørleg kryssing?
  8. Kan dykk forklara kor breid vegen blir? Og kor mykje natur rundt vegen som blir øydelagd?
  9. Kva kompensasjon vil landbrukseigedomar som vert delt i 2 grunna vegen?
  10. Støydemping i forhold til dyr på beite og fastbuande?
  11. Kvifor legg dykk ikkje vegen meir i tunell enn planlagd? Spesielt med tanke på sjeldan regnskog og natur?
  12. Finnes det noko som kan komma fram av natur og miljø-utgreiingar som vil hindra prosjektet?
  13. Korleis kan Statens vegvesen vite at eit prosjekt er lønnsamt når kultur-, og naturverdiar ikkje kan prissetjast på same måte som andre verdiar. Korleis tek de med desse verdiane (kultur-og natur) i reknestykket?
  14. I lys av ønsket med å bevare eller redusere naturinngrep - burde reguleringsplanene vurdere flere alternativ med lengre miljøtunneler for eksempel under Frøkedal, Bårdsund, Beltestad, Flatråker etc?
  15. Kva miljø- og naturfaglege vurderingar og utgreiingar er lagt til grunn for vedtaket i kommunedelplanen om traseval og tekniske løysingar sidan ein ikkje har fylgd tilrådingane frå fylkesmannen i Hordaland, og korleis vil SVV sikra dei omtalte naturverdiane mot øydelegging/utrydding? 
  16. Kvar er eventuelt desse naturfaglege vurderingane gjort tilgjengelige?
  17. På kva grunnlag kan SVV garantera at ingen truga artar eller naturtypar vil gå tapt i samband med utbygginga og drift av vegprosjektet, slik ein er pålagt etter naturmangfaldslova og nasjonale målsettingar for naturmangfald.
  18. Sett i lys av at ein har avvist senketunnel under Bårdsundet av økonomiske årsaker, kvifor er det ikkje laga eit samla reknestykket over det eine tiltaket som vil auka kostnadane og dei tre tiltaka (sjå oversikt under) som vil kutta kostnadane.Dette gjeld særleg desse 4 forslaga:
  • Fylkesmannen si tilråding om senketunnel under Bårdsundet 
  • Fylkesmannen si tilråding om å fjerna planfritt kryss nord på Reksteren 
  • Fylkesmannen sin tilråding om å fjerna rasteplass og parkering nord på Reksteren 
  • Fylkesmannen si tilråding om midtre kryssing av Langenuen.
 
Aktuelt for fylke(r): Vestland