Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

– Med eit så sterkt lag er eg sikker på at dette blir eit svært vellykka reguleringsplanarbeid, seier Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik.

I går ettermiddag blei avtalen med COWI om utarbeiding av reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn signert av partane.

– Nå gler vi oss til å utarbeide forslag til reguleringsplan for strekninga med COWI på laget. Saman blir vi eit godt team som utfyller kvarandre kompetansemessig. Dette er eit omfattande og viktig prosjekt på Vestlandet. Regjeringa har sagt at den vil fremma det for Stortinget plassert i første del av NTP, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør Vest.

Konsulentoppdraget har ein verdi på om lag 80 millionar kroner, og det aller meste av arbeidet skal utførast i løpet av dei 15 neste månadane. Forslag til reguleringsplan skal vere klar våren 2022.

SIGNERT: Knirkefri elektronisk signering med bankID på mobil mellom COWI og Vegvesenet. Nederst frå venstre: Kjartan Hove, Kjell Inge Davik, Sverre Ottesen, Lars Erik Hauer (COWI), Ellen Slinde, Jesper Afsferg (COWI), Leif Oddbjørn Møller. Flere som var tilstede: Inger Kjær Sørensen, Kristoffer Jakobsen (COWI). Foto: Sunniva L. Seterås
Aktuelt for fylke(r): Vestland