Over 100 deltok på Ferjefri E39-bransjetreff.Over 100 deltok på Ferjefri E39-bransjetreff.

Den 4. januar starta det med første salve på Rogfast. Neste prosjekt ligg lenger fram i tid, men det gir Vegvesenet og framtidige samarbeidspartnarar moglegheit til å planlegge godt. 

Ferjefri E39 har som mål å halvere reisetida mellom Kristiansand og Trondheim, og erstatte ferjer med nye marine konstruksjonar. Mellom Bergen og Stavanger blir det også tid å spare når fleire ferjer skal bytast ut med bru.

Bygging av kompetanse

Tanken bak bransjetreffet var å vise fram Norges største samferdselsprosjekt, og ikkje minst å få framtidige samarbeidspartnarar interessert i prosjekta.

– Vi har mykje å hente frå olje- og gassnæringa. Vi skal byggje kompetanse og har fokus på dette. Vi ønskjer tverrfagleg dialog og vi treng dykkar kompetanse, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Fjordkryssing

Med fem krevjande fjordkryssingar langs heile kysten, kor Bjørnafjorden er ein av dei, krevst det ny teknologi og meir kunnskap.

– Mange fjordar kan kryssast på tradisjonelt vis, men ikkje alle. Dei siste åra har vi tatt eit stort sprang teknologisk med flytebru, seier prosjektleiar for Utviklingsprosjektet Fjordkryssingar, Mathias Egeland Eidem.

Bjørnafjorden

– Det er ikkje småting det er snakk om å byggje. Ein pongtong, eit element som held brua flytande, er 60 meter lang og 30 meter brei. Altså like stor som ein handballhall. Det vil ta tre minutt å krysse fjorden, som gir ein enorm samfunnsgevinst, seier prosjektleiar for Bjørnafjorden, Kjell Håvard Belsvik.

– Vi vil ut til den maritime sektoren så tidleg som mogleg for å få til eit samarbeid, og få sektoren interessert i det vi skal bygge, seier han.

Det jobbast vidare med to konsept for flytebru over Bjørnafjorden, sideforankra og endeforankra.