Statleg kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Stord–Os blei sendt på høyring i desember 2016 med frist for merknader 20. januar 2017. Høyringsrunden er no avslutta.

Vi har fått inn cirka140 høyringsuttalar. Det er svært mange privatpersonar som ynskjer bru over Langenuen i sør. I Os kommune er det eit stort engasjement for å ta vare på Kobbavågen og Søre Øyane.

Statens vegvesen går gjennom alle uttalane og sender dei vidare til kommunal- og moderniseringsdepartementet, som tek endeleg avgjerd.