Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova §12-10. Planen er utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§12-2 og 3-7.

Formålet med planen er hovudsakleg å legge til rette for utretting av to skarpe og uoversiktlege kurver og oppgradere vegstrekninga til utbetringsstandard for Nasjonale hovudvegar. Det er vidare lagt til rette for omlegging av tilkomst til gbnr. 95/10 m.fl, samt justering av busslommene. Tiltaket skal samla sett gi betre trafikktrygging på strekninga.

Planforslaget

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 22.02.-05.04.17

  • som vedlegg til denne siden, sjå under "Last ned",
  • på heimesida til kommunen www.orsta.kommune.no,
  • på Ørsta rådhus,
  • hos Statens vegvesen i Olsvika, Ålesund og
  • på Spar Vartdal

Statens vegvesen legg reguleringsforslaget ut til offentleg ettersyn i samråd med Ørsta kommune, jf. plan- og bygningslova §3-7. Dette brevet går ut til alle heimels- og rettigheitshavarar innanfor planområdet og i tilgrensande areal, samt kommunale høyringspartar og regionale myndigheiter.

Open kontordag

Det vert halde open kontordag på Ørsta rådhus torsdag 16. mars kl. 15.00-17.00. Ta gjerne kontakt i førevegen for nærare avtale.

Merknadar

Eventuelle merknadar til reguleringsplanen skal vere skriftlege, og sendt innan 5. april 2017 til

Vi gjer merksam på at innkomne merknader ikkje vert besvart direkte, men kommentert og vurdert i samband med vidare handsaming av saka.

Kontakt

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til