Statens vegvesen har utarbeidd områdereguleringsplan for E39 Volda-Furene i Volda kommune. Planforslaget var utlagt til offentleg ettersyn den 20. juni 2023 med frist for uttale den 18. august 2023. Til saman kom det inn 23 merknader til planforslaget. Desse er oppsummerte i planomtalen og kommentert der.

Nytt planforslag i Furene blei sendt ut på avgrensa høyring til grunneigarane og offentlege høyringsorgan, før kommunestyret i Volda godkjente den endra områdereguleringsplanen for E39 Volda-Furene 14. desember 2023. Vedtaket vart gjort med 30 mot 2 stemmer.

Sjå plandokumenta her

Reguleringsplanen for E39 Volda-Furene vart godkjent den 31. mai 2018. Kostnaden for prosjektet var den gang 1142 mill. kroner.

Dette var langt over kostnaden på 900 mill. kroner som låg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018-2029.

Det vart derfor satt i gang eit arbeid med å finne kostnadskutt i prosjektet. Det lykkast ikkje å finne store kostnadskutt innafor rammene av godkjent reguleringsplan, og det blei konkludert med at det var nødvendig å vurdere ei endring av reguleringsplanen.

På bakgrunn av dette utgreiingsarbeidet ville ikkje Vegdirektoratet sende over ein søknad til Samferdselsdepartementet for å be om å auke styringsmålet for prosjektet.

Prosjektet er no inne i ein fase der det blir sett på reduksjon i kostnadane for å komme ned mot styringsmålet i NTP 2022-2033 på 1.012 mill. (2021-kr). Dette har vist seg å vere svært vanskeleg å få til utan å gjennomføre endringar av godkjent reguleringsplan.

Volda kommune er planmyndigheit og må vere samde med Statens vegvesen i at det er nødvendig å gjere endringar i prosjektet. Leiinga i Statens vegvesen bestemte derfor bestemt at det skulle gjennomførast ein verdianalyse av prosjektet. Rapportane for både ei intern analysegruppe og frå ekstern konsulent blei levert medio januar 2022. 

Med bakgrunn i verdianalysen har Statens vegvesen i samarbeid med Volda kommuneavgjort å starte opp ei endring av reguleringsplana

Vei:
E39
Fase:
Planfase
Kommuner:
Volda
Fylker:
Møre og Romsdal
Lengde:
3800 meter
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2025–2036
Totalkostnad:
2048 mill. 2023-kr .

E39 Volda-Furene © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Prosjektkontor

Besøksadresse:
Fylkeshuset i Molde

Kontakter

Rolf Arne Hamre

Prosjektleder
Telefon:
909 22 459
E-post:

Gisle Fossen

Planleggingsleder
Telefon:
975 11 892
E-post:

Sist oppdatert: