Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

10. og 11. februar arrangerte Statens vegvesen ein ideverkstad for inviterte interessentar i Volda.

Verkstaden samla representantar frå Volda og Ørsta kommunar, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, Avinor, Nettbuss Volda, næringsliv og Statens vegvesen.

Målet med ideverkstaden var å få ei felles arbeidsplattform og ei felles forståing for målet med planarbeidet. Samtidig får vi då ei forståing for utfordringane vi har når vi skal finne dei detaljerte løysingane for ny veg mellom Volda og Furene. Vi ville også sjå kva alternative løysingar som er mulig, samt styrkar og ulemper ved ulike alternativ.

Rapporten (vedlagt) gir ei oppsummering av ideverkstaden og dannar grunnlaget for det vidare planarbeidet.

Løysingsforslaga som kom fram på ideverkstaden vil i innleiande fase av planarbeidet bli vurdert av fagpersonar i Statens vegvesen og Volda kommune.

 

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal