Reguleringsplanen legg til rette for breiddeutviding, kurveretting og omlegging av veg for delar av strekninga, blant anna forbi Oteren sentrum. Planforslaget inneheld vidare ny kryssløysing for E6/fv. 868, busshaldeplassar, atkomstvegar, turvegar og gang- og sykkelvegar.

Planforslaget blir lagt ut på følgjande stader:

  • som vedlegg til denne siden, sjå under "Last ned",
  • Statens vegvesen, Mellomvegen 40, Tromsø,
  • Storfjord kommune, Rådhuset, Hatteng og
  • www.storfjord.kommune.no

Merknader

Eventuelle merknader til planforslaget sendast til:

Frist for å senda merknader til planen er fredag, 16. januar 2015. Eventuelle merknader må sendast skriftleg og merkast: «Merknader til forslag til detaljregulering for E6 Balsfjord grense – Hatteng»

Opent møte

Det vil bli halde opent møte torsdag, 4. desember kl. 1800 på Lyngskroa i Oteren for informasjon og innspel på planforslaget.

Etter offentleg ettersyn og høyring vil merknader og synspunkter bli behandla, og sendt vidare til Storfjord kommune for godkjenning.

Spørsmål kan rettast til: